Å møte det tredje

Verkstad i tekst og rørsle

Bratteberg skule i Volda,  6. – 8. mai 2013

Fanny Holmin og dansekunstnar Solveig Styve Holte leiar ein tverrkunstnarleg verkstad for barneskulen. Verkstaden har det kunstnarlege prinsippet at forteljingar blir skapte både gjennom kroppsspråk – rørsle og gjennom ord – skrift.

Vi inviterer elevane inn i ein prosess slik vi normalt arbeider når vi utviklar til dømes ein performance ut frå den fyrste, igangsetjande ideen. I arbeid der vi improviserer fram materialet, kjem vi ikkje med ein fasit i møte med kvarandre eller elevane, men stolar på den skapingskrafta som oppstår i møtet og samhandlinga.

Verkstaden er støtta av Kulturrådet – prosjektstøtte for barn og unge, og Norsk Forfattersentrums Medlemsfond.