|
Vi er så heldige å få vist utstillinga Du finn meg på kanten, på Kunsthuset Wrap i Bergen søndag 27. september 2020. Utstillinga vil bli presentert i ei ny form, under arrangementet Søndagskrydder. Det er eit familievennleg arrangement mellom klokka 11.30 – 1600. Vi har desseverre ikkje sjølve høve til å vere til stades, […]
I november deltok eg på kurs i Shared Reading i Ålesund. I regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. I samarbeid med Trøndelag fylkeskommune utdannar dei leseleiarar i flest mulig kommunar i landsdelen.
Sjølv vil eg vere aktiv i ei lesegruppe som blir oppretta i Volda på Gnisten aktivitetshus våren 2020. Tilbodet der er […]
Utgåve nr 60 av tidsskriftet Kraftverk som eg er så heldig å vere redaktør for. Utgåva vart lansert i desember i Bergen.
Her kan du bestille utgåva:
Kraftverk 60 – Trykt utgave
Gi eit kunstverk i julegåve i år?
Verk frå utstillinga Du finn meg på kanten til sals! Foto: Svein Olav Humberset. Tekst: Fanny Holmin Pris: Kr. 1200,-
Her kan du sjå arbeida med bestillingsopplysningar
Trioen Kringel tjuvstartar Åram Pluss-festivalen i Vanylven. To konsertar for bebuarar og pårørande på Vanylven helse- og omsorgssenter, onsdag 22. mai.
Om konsertane
Om Trioen Kringel
Åram Pluss
Torsdag 9. mai lanserer vi utgåve nummer 59 av tidsskriftet Kraftverk. Det er ei nettutgåve. Eg ser fram til å møte skrivarar og publikum i UROM, Bergen Bibliotek kl. 1900. Du kan sjå programmet her:
Lansering Kraftverk 59 og nettutstillingen LUFTBALLONGER
Utstillingsopning Laurdag 1. desember klokka 13 – 15 opnar kunstutstillinga Du finn meg på kanten på Gamlegymnaset i Volda. Fotokunstnar Svein Olav Humberset og poet Fanny Holmin viser arbeid frå sitt første samarbeidsprosjekt.
Ein kan nyte salsutstillinga i utstillingsrommet i andre etasje. Opning ved Kari Hasle. Opplesing ved Fanny Holmin. Ta gjerne med barn, det […]
Torsdag 6. desember er det lansering av den nye og nydelege utgåva av Kraftverk 58. Dette er ei papirutgåve som er ypparleg som julegåve til den leseglade. Lanseringsarrangementet blir også verdt å få med seg. Der vil redaksjonen for Kraftverk delta i paneldebatt leia av lektor Grethe Melby. Om det å skrive og om det […]
I 2005 var eg så heldig å få lage ei utstilling på Bryggen Museum saman med den hollandske kunstnaren Liesbeth de Jonge.
No gjenoppstår nokre av verka våre i ei ny utstilling i ein hage på landet i Frankrike. Tid er ein fin ting som kan gå i ring.
Liesbeth lagar […]
Kraftverk 57
Kraftverk 57 nettutgåve er nydeleg og kan nytast her!
Design Ian Holcroft, utgivar Kunst, kultur og psykisk helse.
Torsdag 31. mai klokka 1900 kan den som vil ta turen til UROM i Bergen bibliotek. Tidsskriftet Kraftverk nr. 57 blir lansert og vi får sjå den flotte utgåva på storskjerm. Skrivarar les […]
|
Fanny Holmin er poet og scenekunstnar.
Ho debuterte med diktsamlinga Song for to stemmer og ein lukka munn på Aschehoug forlag.
Ho arbeidde i mange år i Bergen med eigne sceneproduksjonar og i samarbeid med musikarar, videokunstnarar og dansarar.
Fanny Holmin er redaktør for tidsskriftet Kraftverk i Bergen kommune. Kunst, kultur og psykisk helse.
Ho er no busett i Volda. Ho har tidvis vore tilsett ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Etter å ha fullført master i Meistring og myndiggjering, arbeider ho i Volda kommune, avdeling psykisk helse.
|