Du finn meg på kanten

Utstillingsopning
Laurdag 1. desember klokka 13 – 15 opnar kunstutstillinga Du finn meg på kantenGamlegymnaset i Volda. Fotokunstnar Svein Olav Humberset og poet Fanny Holmin viser arbeid frå sitt første samarbeidsprosjekt.

Ein kan nyte salsutstillinga i utstillingsrommet i andre etasje.  Opning ved Kari Hasle. Opplesing ved Fanny Holmin. Ta gjerne med barn, det blir sittegrupper og eigen leikekrok i siderommet.

På avslutningsdagen i romjula vert det ein minikonsert med jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll.
Parkering ved idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule.

 

 

Utstillinga
Utstillinga  er ein foto- og tekstserie med minimalistiske naturlandskap og poetiske tekster. Fotografia er teke med analogt kamera, og lang lukkartid. Det gir djupne og detaljar i bildet. Tekstene gir både ei personleg tolking av fotografia, samtidig som dei skapar nye bilde som den som ser og les vil lage sine tolkingar av. Tid blir felles innfallsvinkel for arbeidet.

Minikonsert
Siste opningsdagen, den 29. desember i romjula, kan publikum vere så heldige å høyre ein minikonsert basert på ei tolking av utstillinga. Jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll vil halde ein improvisert, akustisk konsert i utstillingslokalet.

Utstillinga er produsert med støtte frå Norske Fagfotografers fond og Norsk Forfattersentrums medlemsfond. Holmin takkar også kulturavdelinga i Bergen kommune, for tidlegare midlar til å gjennomføre arbeidsopphald i Berlin, som eit forprosjekt. I samarbeid med, og takk til, Stiftinga Gamlegymnaset i Volda.

Eksempel frå utstillinga