Konsertar under Åram Pluss

Kjekt å få opptre saman med desse flinke folka for eit nydeleg publikum, på den heilt ferske og nydelege Åram Pluss-festivalen i Vanylven.

Åram Pluss

Konsertar på Vanylven helse- og omsorgssenter om føremiddagen torsdag 24. mai. Med Øystein Salhus, fiolin, John Inge Leira Bjøringsøy, orgel/piano, og Fanny Holmin, lyrikk. I samarbeid med Vanylven kommune gjennom Den kulturelle spaserstokken.

 

Arbeidsopphald i Berlin

Den som ventar lenge nok finn tid. Eg fann henne i Berlin. Tre veker i vår. Tid til å starte å skrive og tenke på nye prosjekt. Stille morgonvandringar. Midlar frå arbeidsstipend tildelt frå Bergen kommune i 2007. Tusen takk. Meir tid kjem.

Kraftverk 56 og 57 i 2017

Å få vere redaktør i eit så oppegåande tilbod som tidskriftet Kraftverk i regi Kunst, kultur og psykisk helse er ei sann gåve. Der er eit mylder av talentfulle skrivarar der ute.

 

Kraftverk 54

Torsdag 27. oktober 2016 vert Kraftverk 54 lansert. Dette er ei trykt utgåve. Vi har felles lansering med KKPH Nettgalleri.

Lanseringa føregår på UROM i Bergen Offentlige Bibliotek, og det vert garantert koseleg og verdt å høyre og sjå. Opplesingar ved skrivarar, innlegg ved forfattar Tormod Haugland og musikk ved Silje Søgnesand.

Her kan du lese meir om arrangementet og Kunst, kultur og psykisk helse

Å kome til orde

Fanny Holmin har skrive masteroppgåva Å kome til orde. Arbeidet tematiserer kultur og psykisk helse, med spesielt fokus på skapande skriving og livskvalitet.

 

Kraftverk 53 nettutgåve

kraftverk 53 plakat

 

Her kan du lese Kraftverk 53 nettutgåve

Torsdag 7. april klokka 19 er det lansering av Kraftverk nr 53 på UROM i Bergen Offentlige Bibliotek.

Programmet for lansering Kraftverk 53

 

Kraftverk 52

kraftverk_52_2015

 

Kraftverk 52 vart lansert i november 2015. Utgåva var ei samleutgåve med tidsskrift og billedkatalog.

Er du interessert kan du bestille den flotte utgåva her:

Bestille Kraftverk 52/Billedkatalog NO6 hos Kunst, kultur og psykisk helse

 

Kraftverk 51 nettutgåve

Digitalt tidsskrift

Digitalt tidsskrift

Her kan du lese den nydelige utgåva Kraftverk 51

Torsdag 9. april 2015 kl. 19.00 er det lansering av Kraftverk 51 på Litteraturhuset i Bergen.

Kraftverk 51 blir lansert saman med MU4- musikk på nett. Det blir opplesingar og konsert, og foredrag ved Knut Andreas Knutsen frå Syntax TerrOrkester. Velkommen!

Her kan du lese heile programmet for lanseringsarrangementet

Kraftverk 50 jubileum

Torsdag 6. november 2014 kl. 18.00 er det lansering av jubileumsutgåva Kraftverk 50 på Litteraturhuset i Bergen.

Kraftverk 50 er ein antologi med utval av tekster gjennom tidene. Det blir opplesingar, foredrag ved Berit Bareksten og konsert med Ole Amund Gjersvik.

Fredag 7. november held feiringa av utgåve 50 fram med  Dialogkonferanse på Hotel Terminus i Bergen.

Her får du mellom anna møte forfattar Tomas Espedal, foredrag ved fleire skrivarar og musikalsk innslag ved Mari Kvien Brunvoll.

Velkommen!

Formiddagstreff med Grenselaust

Onsdag 1. oktober kl. 12-14.  Formiddagstreff i Borgund Menighet.

Gruppa Grenselaust består av Fanny Holmin (lyrikar), Jens Arne Molvær (klarinett), Bjørnar Myhr (piano) og Øystein Salhus (fiolin). Velkommen til eit treff med musikalsk og lyrisk mangfald. Gruppa framfører både klassikarar og eigenkomponerte ord og tonar. Improvisasjon og allsong.