Laurdag 13. september 2014 kl. 12 på Kunsthuset i Ørsta Yngvil Birkeland opnar seperatutstilling og Fanny Holmin tar del med opplesing av nyskrivne tekster. Les om utstillinga og samarbeidet i Sunnmørsposten 10 sept 2014.
Kraftverk 47 – Billedkatalog NO5 – MU3
Nye tilbod frå Kunst, kultur og psykisk helse 5.desember 2013 var det trippel lansering av Kraftverk på Litteraturhuset i Bergen. Bestill samleutgåve av Tidsskriftet Kraftverk 47 og Billedkatalogen Kraftverk NO 5 Lytt til Kraftverk Musikk MU3
Lansering Kraftverk 46
Torsdag 12. september 2013 kl. 19.00 på Litteraturhuset i Bergen Tidsskriftet Kraftverk lanserer nettutgåve nr. 46 med opplesingar, foredrag ved Eva Langeland og konsert med Aurora Aksnes. Sjå program på Kunst, kultur og psykisk helse sine nettsider.
Å skape meining
Informasjon om masteremne ved Høgskulen i Volda Fanny Holmin var student på masteremnet Å skape meining i 2012. Studiet er leia av komponisten Magnar Åm, og tek for seg intuisjonen si rolle i kunstnarlege skapingsprosessar. Her kan du lese hennar refleksjonar omkring studiet på Høgskulen i Volda sine nettsider.
Konsert – Dei Nynorske Festspela
Fredag 28. juni kl. 09 – 10.30 Festspelfrukost – All verdas frukost Ivar Aasen tunet, Hovdebygda Torsdag 27. juni kl. 13 Minikonsert AMFI – Ørsta Grenselaust deltar på Festspelfrukost med ord og tonar. Stein Helge Solstad er vikar for Bjørnar Myhr. Velkommen til ei poetisk morgonstund under Dei nynorske Festspela.
Å møte det tredje
Verkstad i tekst og rørsle Bratteberg skule i Volda, 6. – 8. mai 2013 Fanny Holmin og dansekunstnar Solveig Styve Holte leiar ein tverrkunstnarleg verkstad for barneskulen. Verkstaden har det kunstnarlege prinsippet at forteljingar blir skapte både gjennom kroppsspråk – rørsle og gjennom ord – skrift. Vi inviterer elevane inn i ein prosess slik vi… Continue reading Å møte det tredje
Konsert med Høgskulekoret
Søndag 14.april klokka 19.30 i Volda Kyrkje Ivar Aasen i ord og tonar. Om hugen, lagnaden og livet Studentkoret ved Høgskulen i Volda inviterer til konsert i Volda kyrkje. Lyrikar Fanny Holmin og musikarar frå Grenselaust tar del. Les meir om konserten.
Lansering Kraftverk 45
Tirsdag 12. mars 2013 kl. 19.00 på Landmark i Bergen. Tidsskriftet Kraftverk lanserer nettutgåva nr. 45 med opplesingar, foredrag frå Skrivekunstakademiet og konsert med Hanne Vatnøy og The Tivoli Orchestra. Sjå program på Kunst, kultur og psykisk helse sine nettsider.
Slepp
Prøver med dansekunstprosjekt Første prøveveke på Folkestad skule veke 6. Slepp er eit dansekunstprosjekt i regi av Solveig Styve Holte. Slepp vil undersøke korleis ei framsyning oppstår og vert prega av sine omgjevnadar. Tre utøvande dansekunstnarar og ein forfattar søkjer om å få sleppe inn på ein ungdomskule. Der forsøker dei å finne seg sjølv,… Continue reading Slepp
Fagdag
31. januar 2013 Ivar Aasen Hotellet i Ørsta. Helse Møre og Romsdal arranger ein Fagdag med tema Tvang i psykiatrien – Ulike perspektiv på samhandling. Fanny Holmin tek del med ei oppsummerande avslutning.