Grenselaust

Ein lyrikar og tre musikarar i møte og samspel med publikum. Gruppa Grenselaust vart starta hausten 2011.

Jens Arne Molvær, klarinett og saksofon

Jens Arne var med å starte legendariske Ytre Suløen Jazzensemble i 1973, der han framleis er medlem. Musikalsk mangfaldig som han er, meistrar Jens Arne fleire sjangrar. Han har ei heilt spesiell formidlingsevne og treff strengar i tilhøyrarane med sitt lune og varme spel. Tidlegare yrkesaktiv som fylkesmusikar og kulturskulerektor i Møre og Romsdal. Han har motteke fleire prisar for sit spel og musikalske engasjement. Han er frå Langevåg.

 

Bjørnar Myhr, piano

Bjørnar er utdanna pianist frå konservatoriet i Trondheim. Bjørnar er ein svært etterspurd musikar, ikkje minst på grunn av si allsidigheit og eit fantastisk gehør. Han har ei lyrisk uttrykksform med utprega sans for klangar og harmoniar. Han meistrer så og si alle stilartar, og har vore brukt som akkompagnatør og solist i mange samanhengar. Til dagleg arbeider han som fylkesmusikar i Møre og Romsdal, og er busett på Vigra.

 

Øystein Salhus, fiolin

Øystein har utdanning som fiolinist frå Bergen Musikkonservatorium og musikkterapeut frå Norges Musikkhøgskole. Han har ein stor fridom og spontanitet i spelet sitt, og skapar gjennom tonane ein naturleg og uanstrengt atmosfære. Øystein er tilsett ved avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda og har arbeidd som freelancemusikar i Møremusikarordninga og musikkterapeut i Helse Sunnmøre.

 

Fanny Holmin, lyrikk

Fanny debuterte som lyrikar med boka Song for to stemmer og ein lukka munn på Aschehoug forlag i 1997. Ho har ei eiga formidlingsevne som levandegjer tekstene og skapar ein gjenkjennbar klangbotn for tilhøyrarane. Ho har bakgrunn som scenekunstnar i Bergen og er redaktør for det skjønnlitterære tidsskriftet Kraftverk som blir utgitt av Kunst, Kultur og Psykisk Helse i Bergen kommune. No bur ho i Volda.