Sceneproduksjonar

Der er dagar som tygg henne i seg
Tekst og dj
Fanny Holmin og dj Barabass

Når eit menneske i ein indre kamp trekkjer seg unna og ikkje slepp orda til – korleis skal då dei som er rundt kunne forstå? Korleis taklar du å vere vitne til andres vannvidd når du ikkje får kjennskap til historia som ligg bak? Finst det andre måtar å forstå på? Ei forestilling om å leve med angst. Teksta dukka inn i denne kaotiske kvardagen og skildra samtidig omverda sine reaksjonar i møte med situasjonen. Forestillinga vart vist på ein rekkje konferansar og fleire skuleturnear i perioden 2000-2007.

Med støtte frå: Hordaland Fylkeskommune, Fond for Lyd og Bilde, Bergen Kommune og Norsk Forfattersentrums Medlemsfond.

 

Håp
Absurd teater
Premiere Haugesund Teater 2003 

haap

To kvinner prøver på ulikt vis å forholde seg til ein manns konstante og uuthaldelege liding. Konflikten mellom kvinnene tilspissar seg når det som fyrst var medkjensle bikkar over i frustrasjon og aggresjon. Stykket balanserer mellom det tragisk groteske og det absurd komiske, på same vis som  menneske gjerne forheld seg til ekstreme situasjonar.

Les presentasjon av premieren på Håp

Bestill manus på Dramas

 

Open
Danseforestilling
Mie de Wolff og Fanny Holmin
Premiere BIT Teatergarasjen 2004

Forestillinga OPEN er eit resultat av ein akutt forelskelse, mellom ein kropp og ein dansar. Stykket handlar om dei kritiske grenseovergangane mellom hengivelse og  underkasting, manipulasjon og samspel. Komponist: Barabass.

Co-produsert av BIT Teatergarasjen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Produsert med støtte frå Norsk Kulturfond og Bergen Kommune.