Utstilling i Bergen

Vi er så heldige å få vist utstillinga Du finn meg på kanten, på Kunsthuset Wrap i Bergen søndag 27. september 2020. Utstillinga vil bli presentert i ei ny form, under arrangementet Søndagskrydder. Det er eit familievennleg arrangement mellom klokka 11.30 – 1600. Vi har desseverre ikkje sjølve høve til å vere til stades, […]

Leseleiar Shared Reading

I november deltok eg på kurs i Shared Reading i Ålesund. I regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. I samarbeid med Trøndelag fylkeskommune utdannar dei leseleiarar i flest mulig kommunar i landsdelen.

Sjølv vil eg vere aktiv i ei lesegruppe som blir oppretta i Volda på Gnisten aktivitetshus våren 2020. Tilbodet der er […]

Kraftverk 60

Utgåve nr 60 av tidsskriftet Kraftverk som eg er så heldig å vere redaktør for. Utgåva vart lansert i desember i Bergen.

Her kan du bestille utgåva:

Kraftverk 60 – Trykt utgave

Julegåvetips!

Gi eit kunstverk i julegåve i år?

Verk frå utstillinga Du finn meg på kanten til sals! Foto: Svein Olav Humberset. Tekst: Fanny Holmin Pris: Kr. 1200,-

Her kan du sjå arbeida med bestillingsopplysningar

Konsert med trioen Kringel

 

Trioen Kringel tjuvstartar Åram Pluss-festivalen i Vanylven. To konsertar for bebuarar og pårørande på Vanylven helse- og omsorgssenter, onsdag 22. mai.

Om konsertane

Om Trioen Kringel

Åram Pluss

Lansering Kraftverk 59

Torsdag 9. mai lanserer vi utgåve nummer 59 av tidsskriftet Kraftverk. Det er ei nettutgåve. Eg ser fram til å møte skrivarar og publikum i UROM, Bergen Bibliotek kl. 1900. Du kan sjå programmet her:

Lansering Kraftverk 59 og nettutstillingen LUFTBALLONGER

 

Du finn meg på kanten

Utstillingsopning Laurdag 1. desember klokka 13 – 15 opnar kunstutstillinga Du finn meg på kanten på Gamlegymnaset i Volda. Fotokunstnar Svein Olav Humberset og poet Fanny Holmin viser arbeid frå sitt første samarbeidsprosjekt.

Ein kan nyte salsutstillinga i utstillingsrommet i andre etasje. Opning ved Kari Hasle. Opplesing ved Fanny Holmin. Ta gjerne med barn, det […]

Lansering Kraftverk 58

Torsdag 6. desember er det lansering av den nye og nydelege utgåva av Kraftverk 58. Dette er ei papirutgåve som er ypparleg som julegåve til den leseglade. Lanseringsarrangementet blir også verdt å få med seg. Der vil redaksjonen for Kraftverk delta i paneldebatt leia av lektor Grethe Melby. Om det å skrive og om det […]

Utstilling i Frankrike

I 2005 var eg så heldig å få lage ei utstilling på Bryggen Museum saman med den hollandske kunstnaren Liesbeth de Jonge.

No gjenoppstår nokre av verka våre i ei ny utstilling i ein hage på landet i Frankrike. Tid er ein fin ting som kan gå i ring.

 

Liesbeth lagar […]

Kraftverk 57

Kraftverk 57

Kraftverk 57 nettutgåve er nydeleg og kan nytast her!

Design Ian Holcroft, utgivar Kunst, kultur og psykisk helse.

Torsdag 31. mai klokka 1900 kan den som vil ta turen til UROM i Bergen bibliotek. Tidsskriftet Kraftverk nr. 57 blir lansert og vi får sjå den flotte utgåva på storskjerm. Skrivarar les […]