Utstilling

Som Vinden
Poesi og bildekunst
Liesbeth de Jonge og Fanny Holmin

 

inngang
Fanny Holmin samarbeidde i mange år med bildekunstnaren

Liesbeth de Jonge frå Holland.

I 2005 viste dei utstillinga Som vinden på Bryggens museum i Bergen.

Klikk her for å sjå foto frå utstillinga

 


 

Fugletrekket
Ute i lyse natta.
Ein frodig hage på toppen av bakken.
Midt i hagen det gule huset.
Over huset nymånen.
Over månen ei stjerne.

Som vinden
Noko verkar på alle. Anna verkar på ingen.
Alt er som før. Slik alt endrar seg.
Ingenting vil for alltid forbli uendra.
Visdom er som vinden
Uansett kvar han snur så er han stadig vinden.
Og ved det vil vinden
Det vinden vil.

Men kor lenge klarer du halde
vatnet mellom hendene dine?

Vulkanens bestemmelse
Når vulkanar bestemmer seg,
er det som når gamle damer
langsamt trekker vinterpelsen
om den støle kroppen.
Det er vulkanens bestemmelse.
Bestemmelsen er
ein langsam bestemmelse.
Det evige sekund
Før

Sterke vinden!

Har vi noko som er laust?

Har vi noko vi vil bli kvitt?

 



I 2006 vart delar av utstillinga også vist i Holland.
Ustillinga var støtta av Bergen Kommune, Norsk Forfattersentrums Medlemsfond og den Nederlandske Ambassaden.