Trioen Kringel

 

KRINGEL er ein trio med fiolin, piano/trøorgel og lyrikk.

Fiolinist Øystein Salhus har med seg pianist John Inge Leira Bjøringsøy og lyrikar Fanny Holmin.

Trioen KRINGEL har eit allsidig repertoar, og er opne for ynskje frå tilhøyrarane. Utvalet varierer mellom klassiske musikkstykke, folkeviser, populære songar, tonesette lyriske framføringar og eigenkomponert materiale.

KRINGEL er opptekne av å få ein god kommunikasjon med tilhøyrarane og å skape musikkmøte der ein også bryt konsertformen med samtalar, historieutveksling eller allsong og songleikar.

Ordet KRINGEL tyder ein liten sirkel, og kan gi assosiasjonar til slike nære møte, der det at alle er inkluderte i opplevinga er det vesentlege.

 

 

Presseskriv og kontaktopplysningar:

Presentasjon Trioen Kringel

Foto: Morten Bollerud.