Kraftverk er eit skjønnlitterært tidsskrift som blir gitt ut av Kunst, kultur og psykisk helse (Kkph) i Bergen kommune.
Fanny Holmin har med nokre avbrot vore redaktør for Kraftverk frå 2007 – mai 2024. Den siste utgåva ho var redaktør for var Kraftverk 68.
I tillegg har ho i regi Kkph leia skrivekurs, konferansar og workshops, og vore involvert i utarbeiding av kommunale rapportar og planar.
Kraftverk er ei dikt- og kortprosasamling ei papirutgåve og ei nettutgåve årleg. Alle uetablerte skrivarar som definerer seg inn i målgruppa kan levere tekster til vurdering.
Kraftverk vil gi stemme til skrivarar som er eller har vore psykisk sjuke, og som ynskjer å uttrykke seg i eit skjønnlitterært språk. Tekstene blir vurdert av redaktør og ein redaksjon med skribentar og forfattarar.
Her kan du lese dei digitale utgåvene til Kraftverk.