Kriteriom
Performanceserie 1999 –
(Bergen, Newcastle, Stavanger, Hamburg)
Mennesket har alltid tolka spor. Ser du spora etter ein bil, eit dyr eller kanskje eit akebrett – vil du kunne forestille deg korleis bilen, dyret eller akebrettet ser ut. Forestillinga vil ikkje alltid stemme, men du kan likevel danne deg eit indre bilde.
Fanny Holmin utfordrar forestillingsevna di. Performancen blir utført i det offentlege rom, gjerne midt på dagen med eit mylder av menneske som kryssar plassen, eller ein grytidleg morgon i all stille.
Det er ikkje alle stader ho tør å gå
Poesistunt under forfattersleppet, BergArt 2000
Kjøpesenteret Galleriet i Bergen
Botsøving 1 – 5
Ein performanceserie utført i 5 episoder i perioden 2004 – 2007
(Bergen, Finse, Stavanger)
Botsøvingane er eit sceneprosjekt i skjeringspunktet mellom kunst, forsking, teater, dokumentar, performance, politikk, psykologi og terapi. Motivasjonen er å ta på alvor ein tilstand i mitt indre, og utforske samanhengane mellom denne sjelelege tilstanden og verdas tilstand, sett i lys av den globale verdsøkonomien og internasjonal politikk. Utgangspunktet er dette: «Heilt sidan eg var ei lita jente, har eg hatt denne grunnleggande kjensla av at viss eg var lukkeleg, var det nokon andre som måtte lide for det.»